Vedtekter for Høddvollbarnehagen SA i henhold til barnehagelova § 8
Barnehagevedtektene er fastsett av styret, den 25.03.2021, og sist endra i styremøte 25.03.2021>.
Vedtektene gjeld frå 01.08.2021
Endring i punkt 9; opningstid og ferie, gjeld frå 1.1.2023, endra i styremøte 28.11.2022
I tillegg til disse barnehagevedtektene, gjeld også avtalen om barnehageplass, samt samvirkevedtekter.
Høddvollbarnehagen er eit samvirkeføretak som eigast og styrast av medlemmane i samvirkeføretaket, sjå samvirkevedtektene pkt. 3.
Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnas behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettigheitene.
Barna skal få utfolde skaparglede, undring og utforskarbehov. Dei skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter. Dei skal ha rett til medverking tilpassa alder og føresetnader.
Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens eigenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og vere ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremje demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.
Barnehagen skal drivast i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande lover, forskrifter, vedtekter, fastsett budsjett og årsplan for barnehagens pedagogiske verksemd.
Dagleg leiar har ansvar for opptak av barn i barnehagen. Hovudopptaket 1. mars vert gjennomført gjennom eit felles samordna opptak for Ulstein Kommune.
4. Opptakskrets og opptakskriterier
Barnehagens opptakskrins er Ulstein Kommune i tillegg til nærliggande kommunar. I tilfelle at barnehagen har ledig kapasitet etter at barn i opptakskrinsen er tatt opp i barnehagen, kan barnehagen foreta opptak utanfor opptakskrinsen.
Opptakskriteria som gjeld:
- Barnehagen er open for barn frå 10 månader.
- Barn som er tildelt plass, får behalde plassen til barnet begynner på skulen. Sjå avtale om disponering av barnehageplass og om partanes oppseiing- og hevingsmoglegheit.
Følgande kriterier i prioritert rekkefølge gjeld innanfor opptakskretsen:
a) Barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntenester §§ 4-12 og 4-4 annet og fjerde ledd
b) Barn av tilsette, dersom dette er viktig for å få besett stillingar / behalde tilsette i barnehagen.
c) Søsken av barn som har plass i barnehagen.
d) Dagleg leiar skal ved opptak av barn søke å få en balansert kjønns- og alderssamansetning i barnegruppa. [Eks: Med balansert kjønnssamansetning ver det meint her omlag like mange gutar som jenter innanfor kvar aldersgruppe og avdeling/base. Balansert alderssamansetning må vurderast ut i frå høveleg gruppestorleik ift korleis kvar enkelt avdeling skal organiserast.
Ved lik prioritet, etter kriteria over, vert det gjort opptak ved loddtrekning.
- Opptaksperiode, oppseiing og heving
Opptak av barn skjer gjennom heile året, men hovudsakeleg ved samordna opptaksprosess. Dagleg leiar kan tilby barnehageplass etter kapasitet utanom samordna opptaksprosess. Avgjerda om opptak av barn i barnehagen og tildeling av ledige plassar vert føretatt av barnehagen etter skriftleg søknad.
Ein andel/barnehageplass skal seiast opp skriftleg med 3 månadars varsel. Oppseiingstida vert å rekne frå den 1. i påfølgande månad. Tilbakebetaling av andel vert gjort etter at oppseiingsperioden er over.
Eventuelt skyldig foreldrebetaling vert trekt frå andelskapitalen før utbetaling
Oppseiing frå føresette si side i tidsrommet 1. april til 31. mai løper ut juli månad. Dersom barnehagen får inn nytt barn i oppseiingsperioda skal betalingsplikta i oppseiingstida reduserast forholdsmessig.
Ved vesentleg misleghald eller når tungtvegande grunnar tilseier det, kan barnehageplassen seiast opp eller hevast med umiddelbar verknad. Styret fattar vedtak om oppseiing eller heving av barnehageplassen. Føresette/foreldre skal ha skriftleg melding om oppseiing- eller hevingsvedtaket i henhold til samvirkelovens § 23.
Det vises for også til avtale om disponering av barnehageplass og samvirkevedtektene.
6. Fastsetting av foreldrebetalinga
Foreldrebetalinga fastsettast av styret. Det vises for også til avtale om disponering av barnehageplass.
7. Klagemoglegheit ved avslag på søknad om barnehageplass ved hovudopptak
Ved hovudopptak kan søkar klage over avslag på søknad om barnehageplass og på avslag om å få sitt første eller andre ønske oppfylt.
Utanom hovudopptak kan berre søkarar til barnehagen med lovfesta rett til prioritet etter barnehagelova § 18 klage dersom dei ikkje blir tilbydd plass. Dette gjeld barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak om etter nærmare bestemmingar i lov om barneverntenester.
Klaga må framsetjast skriftleg for kommunen og må nemne kva for ei avgjersle det klagast over og dei grunnar klaga støtter seg til. Klagefristen er tre -3- veker frå det tidspunkt avgjersla som det skal klages over er komen fram til søkaren. For den som ikkje har mottatt underretning, går fristen frå det tidspunktet vedkommande har fått eller burde ha skaffa seg kunnskap om avgjersla.
Barnehagens norm for arealutnytting er 4 m² leke- og opphaldsareal for barn over 3 år, og 5,3 m² for barn under 3 år. Barnehagen sitt godkjende leikeareal er på 242 m2.
Barnehageåret startar i veke 32.
Barnehagen er open frå kl.7.00 til kl. 16.45, måndag til fredag.
Barnehagen held stengt på helgedagar, påskeveke og romjul (frå og med 24. desember til og med 1. januar)
I løpet av året er barnehagen i tillegg stengt fem fagdagar. Foreldre/føresette vil seinast ein månad før bli orientert skriftleg om stenging i denne samanheng.
- Opningstid og ferie
Barnehageåret startar i veke 32.
Barnehagen er open frå kl.7.00 til kl. 16.45, måndag til fredag.
Barnehagen held stengt på helgedagar, påskeveke og romjul (frå og med 24. desember til og med 1. januar)
Barnehagen held sommarstengt i veke 29 og 30.
I løpet av året er barnehagen i tillegg stengt fem fagdagar. Foreldre/føresette vil seinast ein månad før bli orientert skriftleg om stenging i denne samanheng.
Alle barn i barnehagen skal ha fire veker ferie i løpet av barnehageåret, der tre av desse skal vere samanhengande.
10. Vilkår for kommunal støtte
for at barnehagen har rett på kommunalt driftstilskot går fram av § 19 i Lov om barnehager med underliggande forskrifter:
§ 19. Kommunalt tilskudd til godkjente private barnehager
Kommunen kan gi tilskudd til godkjente private barnehager.
Kommunen skal behandle private barnehager som mottar tilskudd, likeverdig med kommunale barnehager. Departementet kan gi forskrift om kva som er likeverdig behandling.
- Samarbeidsutvalet
Samarbeidsutvalet (SU) skal være eit rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ. Utvalet skal arbeide for å fremje samarbeidet mellom barnehage og heim.
a) SU skal forelegges saker og har rett til å uttale seg i saker, som er av viktigheit for barnehagens innhald, verksemd og forholdet til foreldra. SU skal med utgangspunkt i rammeplanen, fastsette ein årsplan for den pedagogiske verksemda, og skal vere med på å drøfte barnehagens ideelle grunnlag. Andre saker av viktigheit er f.eks. forslag til budsjett, driftsendringar, arealutnytting mv.
SU har rett til å uttale seg dersom barnehagen må søke om dispensasjon fra norma om pedagogisk bemanning. SU si uttaling skal leggast ved eigars søknad om dispensasjon. SU har i hovudsak ein rådgivande funksjon, men med unntak av vedtak av årsplanen.
Saker som gjelder arbeidstakars arbeidsforhold, opptak av barn ol skal ikkje behandlast av SU.
b) SU skal ha fire medlemmar, med [to+ vara] representantar frå foreldra og [to+ vara] frå dei tilsette. Foreldra og dei tilsette skal delta med like mange representantar. I tillegg er dagleg leiar med som sekretær og saksførebuar.
c) Barnehagen sitt styre avgjer sjølv om eigar skal delta med representantar i utvalet og eventuelt kven. Eigar kan ikkje stille med fleire representantar enn de øvrige gruppene (foreldra og de tilsette).
d) SU konstituerer seg sjølv, og vel sjølv sin leiar. Som SUs vedtak/rådgivande uttaling gjeld det som fleirtalet av dei møtande har stemt for. Ved stemmelikheit gjeld det som leiaren har stemt for. Er leiaren ikkje til stades, gjeld det som møteleiaren har stemt for.
Møter i SU vert heldt etter ein plan fastsett av SU, og for eller når SUs leiar eller barnehagen finn det naudsynt.
Det vert ført eigen protokoll for SU, som skal innehalde dei råd og uttalelsar som SU har komt med. Tid og stad for møta skal gå fram av protokollen, likeså stemmefordeling og ueinigheit som krev å verte protokollført. SUs medlemar signerar protokollen. Protokollen er tilgjengeleg kunn for SUs medlemmer, styret, dagleg leder, og dei personane som samarbeidsutvalet gir tilgang.
Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø.
Foreldrerådet består av foreldra/føresette til alle barna i barnehagen.
Foreldrerådet vel to foreldrepresentantar til SU.
Foreldrerådet skal bli forelagt og har rett til å uttale seg i saker av viktigheit for foreldra sitt forhold til barnehagen, f.eks. foreldrebetalinga. Andre saker av viktigheit er f.eks. forslag til budsjett, driftsendringar, arealutnytting mv.
Dagleg leiar i barnehagen har ansvaret for å kalle inn til det første foreldrerådet i barnehageåret.
Foreldreråd skal haldast minst en gang i året, gjerne i forbindelse med årsmøtet.
Ved avstemming i foreldrerådet gis det ei stemme for kvart barn, og alminneleg fleirtals vedtak gjeld.
Det skal førast eigen protokoll for foreldrerådet, som skal innehalde dei rådgivande uttalelsar som foreldrerådet har fatta. Tid og stad for møta skal gå fram av protokollen, likeså stemmefordeling og ueinigheit som kreves protokollført. Foreldrerådets referent signerer protokollen. Protokollen er tilgjengeleg kun for foreldrerådets medlemar, styret, dagleg leiar, og dei personar foreldrerådet gir tilgang.
Vedtektsendringar
Styret i barnehagen kan foreta endringar i barnehagevedtektene. Endring kan gjennomførast med alminneleg fleirtal i styret. Slik endring skal varslast skrifteleg med minst to månaders frist før iverksetting. Sjå elles avtale om disponering av barnehageplass vedrørande vilkårsendringar.