/>

Brumlemann

Brumlemanngruppa er for fire- og femåringar. Klatremus- og Brumlemanngruppa har felles rom, men fordeler seg i mindre grupper gjennom dagens ulike aktivitetar.

 

For denne gruppa er det også fokus på dei same områda som på Klatremusgruppa, men med bevisstheit på progresjon for kvar enkelt barn og gruppa som heilheit. Sosial kompetanse, leik, språk og kommunikasjon og uteliv går igjen i arbeidet i alle dei tre gruppene i barnehagen. 

Femåringane på gruppa har også eit eige opplegg som femårsklubb, med varierte opplevingar og utfordringar. Femårsklubben har fokus på overgang frå barnehage til skule, og jobbar med temaet gjennom heile det siste året.