Tradisjonar i Høddvollbarnehagen

TRADISJONAR I HØDDVOLLBARNEHAGEN:

Bursdagsfeiring:

Vi har fokus på bursdagsbarnet gjennom heile dagen. Dei får bursdagskrone, flagg på bordet, bursdagssong og velje ei lita gåve frå skattekista.

 

Haustfest

 Oktober/November: Familie og vener vert invitert til festen. Vi sel lodd og mat, og inntektene går til ulike gode formål. (ettermiddag)

 

Lucia-samling:

Desember: Vi feirar Lucia med Lucia-opptreden. (Ettermiddag)

 

Nissefest:

 Desember: Ein av dei siste dagane før jul er det nissefest, og barn og personale kler seg ut som nissar. Denne dagen vert det ulike førjulsaktivitetar og graut til lunsj.

 

Barnehagedagen:

Mars: Denne dagen ønsker vi å vise oss fram, og gi andre eit innblikk i kva og korleis vi jobbar i barnehagen, både med ulike aldersgrupper og emne. Tema for denne dagen vert bestemt frå sentral hald.

 

Karneval/Bamsefest:

Februar: Vi har karneval rundt fastelavns-søndag. Barn og personale kler seg ut og har fest i barnehagen. Mikkelgruppa har bamsefest og barna kan ta med bamse til barnehagen.

 

Samane sin nasjonaldag:

6. Februar: Markere samane sin nasjonaldag ved å formidle den samiske kulturen på ulike vis.

Påskekaffi:

Mars: Før påske arrangerer vi påskekaffi for foreldre og søsken.(Ettermiddag)

 

Idrettsdag:

Mai: vi arrangerer idrettsdag på Høddvoll, der barna får trene på dei vanlegaste øvingane, som løp, hopp og kast. Innsatsen vert premiert med flotte medaljar til alle deltakarane.

 

Overnatting i barnehagen:

Mai/Juni: Som avslutning på barnehagetida for dei som skal begynne på skule. Dette brukar å vere stor stas!

Sommarfest:

Juni: Sosialt samvær for førkskulebarn, foreldre og personale. Barna bidreg med underholdning(Ettermiddag)