Flott feiring av nasjonaldagen i Høddvollbarnehagen

Flott feiring av nasjonaldagen med tog, pølser, is og leikar

I dag er det siste barnehagedagen før 17. mai, men sjølv om det er fem dagar til sjølve dagen så må det markerast. 

Dette er det andre året nasjonaldagen vert prega av restriksjonar ift korona, så vi føler barnehagen har ei særs viktig oppgåve med å formidle både kunnskap og tradisjonar knytt opp til denne høgtidsdagen.

 

Både store og små vart med ei bra stor runde som gjekk til Hofsetsvingane og Varleite. Kjekt å sjå at fleire foreldre hadde møtt opp for å ta i mot oss med flagg og jubel.